onsdag 1. juli 2009

"Gamle prosjekt"

I dag kom skodda drivande ute frå havet då minstejenta og eg gjekk opp i barnehagen, og slik var utsikta frå "utkikksposten" min.





Vanlegvis ser eg ut over byen og skipsleia her, men i dag var det ein tjukk vegg;.)

Ja, ja tenkte eg då kan eg sy litt til sola har jaga skodda vekk.....




Eg gjekk heim att og fann fram nokre ting som har lege halvferdige.
Ei veske som eg applikerte blomane på og sydde saman.
Den har eit "langt lokk" som rekk ned til botnen og på den har eg applikert ein blome.





På baksida har eg applikert det eg klipte vekk inne i blomen på framsida.... ;.)
Veska er så lita at eg ikkje har laga lomme på innsida.
Ei søt lita linveske til sommarbruk, det var ideen min;.)

Deretter var det duken som vart gjort ferdig til handsaumen (lukkekanten). Den er passeleg kveldsarbeid samtidig med ein kjekk prat med eldstejenta og mannen;.)
Det var berre hjertet som skulle applikerast og til slutt var det lukkekanten.
Då har eg to ting som kan leverast på messa i Hyen;.)









Eg har planar om nokre handlenett, dei ligg ferdig til samansying.....

Eg har laga meg ei lang remse som eg har teikna div. stitchery på.
Den tek eg fram når eg skal kose seg i sola. Når eg har brodert alle, skjer eg dei opp og monterer dei ved høve.
Eit nærbilete av det eg har brodert så langt.....
Det eine skal bli ei gåve,så den kan eg vise fram om litt...
Dei andre er, Gode ønsker, som er designa av Northern Quilts.



Eg likar å ha fleire prosjekt i gang på same tid, då kan eg variere stillingane til beste for ryggen, og dagen blir god!

Ha ein fin dag!

2 kommentarer:

Merete sa...

Stilig veske og lper du har fått ferdig. Alltid kjekt med håndsøm, spesielt på varme dager:-)

Laila sa...

Flott veske og løpar. Denne løparen skal eg også sy når det berre vert innevèr igjen... :-) (ikkje det at eg håpar at godvèret forsvinn, altså..)