onsdag 29. juli 2009

Gardinglede

Då er begge gardinene ferdige og hengt opp;.)
Det har vore kjekt arbeid å prøve seg fram. Den eine gardina har hengt i nokre dagar, i dag spurde eg mannen om han likte dei nye gardinene våre. Å..... har vi fått nye gardiner....??? Ja, ja han har litt anna å henge fingrane i dei siste dagane;.)
Han likte det han såg, så då er eg nøgd!



Mannen og jentene har reist på tur og skal vere vekke nokre dagar. Eg fekk beskjed om å kose meg med symaskina og det har eg gjort i dag;.)
Eg likte så godt dei stoffa som eg brukte på gardinene så eg måtte berre prøve meg på eit prosjekt eg lenge har tenkt at eg skal lage.
Det var kjekk og enkel å lage så det blir gjerne fleire slike.......
Den er heilt perfekt til hekletyet mitt;.) Den er fin til å ha små handsrbeids-prosjekt i.
Eg tenkjer at den og er fin som gåve, med lys, sjokolade, tråd, stoffbitar eller anna kjekt til mottakaren i.

Når eg er aleine har eg lydbok til selskap og merkar ikkje at tida flyg.
Eg har det godt og veit at det blir nokre timar på syrommet, med pausar som må til for ryggen, men då kan eg få inspirasjon av alt det flotte eg finn på nettet.
Det er utruleg kom mykje fint som blir laga rundt om kring;.)

Eg er godt i gang med å skjære stoffbitar til neste prosjekt, men no er det sofaen, hekle- eller stirikkety og fjernsynet som freistar;.)


Ha ein fantastisk kveld!

2 kommentarer:

Merete sa...

Gardinene ble virkelig flotte. Og kurven både praktisk og fin!

LeKaQuilt sa...

Gardinene dine er nydelige :o) Og kurven er jo bare så søt! Mønsteret til Lighthouse tror jeg ble kjøpt fra en quiltebutikk i Ålesund, men det begynner å bli noen år siden.....