tirsdag 28. juli 2009

Langsom dag.....

I går og i dag går i langsamt tempo. Ryggen har slått seg vrang att og er litt til bry;.(
Men det er berre å ta det som det kjem.


Litt brodering har det vorte og ei lita stund med symaskina. Det gjer at eg har fått ferdig eine gardinkappa til kjøkkenet og har hengt den opp for å sjå om eg er fornøgd med den.

Den vart slik eg ville ha den;.) så eg har teikna på stoffet og er i gang med broderiet på den neste.




Eg likar at lyset får fram strukturen i stoffet.

Eg har brukt ein brunfarge på broderiet med tanke på at det ikkje skulle bli dominerande og så har eg brukt duse fargar i stoffa som eg har applikert på, dei er i turkise og grøne tonar.

Turkis, grøn og brun, den kombinasjonen har eg visst brukt før.....;.)


Mannen og jentene brukte mesteparten av dagen ute i går, til trass for regnet som kom ut på dagen, rydda dei skog!;.) på nedsida av huset til glede for oss sjølve og naboen. Når vi bur slik til, med ei flott utsikt til sjøen så er det kjekt å kunne sjå den og ikkje berre trea....

For ikkje så lenge sidan saga vi ned nokre høge furuer som hadde stått der sidan vi bygde huset. Når dei vart vekke kom det meir lys til lauvtrea og dei veks fort! Det må nok tynnast ut med jamne mellomrom...

Eg kunne ikkje hjelpe til, men jentene kledde på seg og hjelpte faren med å legge buskene i ein haug.

Det minste eg då kunne gjere var å steike sveler så dei kunne kose seg med når dei kom i hus;.)

Ingen kommentarer: