torsdag 30. juli 2009

Regntung sommardag


Det er nok ein regntung dag i Florø. Det gjer ikkje noko for meg som kan nyte dagen på syrommet, men eg vart positivt overraska då eg skulle ut på tur.
Eg hadde kledd meg med jakke då det såg ut til å vere kaldt og regnet kunne komme kva tid som helst, men den som måtte kaste jakka etter nokre få meter og ikkje fekk ein einaste regndrope på seg, var eg!;.)
Det vart ein ok tur. Eg tok turen ned vegen frå byggefeltet eg bur, på fortauet er det asfalt og eg merka fort at det er som før, ...ikkje noko særleg for ein dårleg rygg.... Så det blir skogen att i morgon.
Eg likar det betre eg finn roa og ting eg er oppteken av kan komme og gå og evt. problem blir ikkje så store lenger!
Ideane til saum eller strikkepinnar og heklekrok har det også med å ta form på slike turar;.) Eg har det jammen godt med naturen omtrent rett ut for døra;.)
Eg har hatt ein fin dag på syrommet med lydbok som selskap.
Dette er det eg kosar meg med no.
Eg kjem til å vise meir når det er ferdig.
No vil ryggen ha litt kvile så det blir sofa og fjernsyn på meg resten av kvelden.
Ha ein fine kveld!

2 kommentarer:

Grethe sa...

Dette var vakkert. Prestekragene var nydelige.
Det hørtes ut som en kjempe hyggelig dag - søm og lydbok.
Flotte kurver du har laget - disse lager jeg også og de er så flotte, greie og nyttige. Nydelige farger.

Bente sa...

Nydelige fargar i løparen din, gledar meg til å sjå den ferdig :-)

God bedring!