søndag 12. juli 2009

Søndagstur med strandliv og Zoo




Søndag starta med sol og litt høgre temperatur;.) Etter ein liten biltur over demninga frå fastlandet
Her køyrde vi ned på stranda og både Grotlesanden og Refviksanden vil ikkje bli det same etter dette.....
Dei er riktig nok nærmare Florø og gode alternativ, men denne stranda er fantastisk!
Her er jentene ute i vatnet, deileg temperatur. Vi vaksne vassa og koste oss med å nyte synet og høyre på jubelen av glede jenter og å ta bilder av dei.

Etter ein liten tur "heim" for å få litt mat og skylle av seg litt salt og sand tok vi ein ny tur. Denne gangen gjekk turen til Lintrup og Safari Zoo Park.

Her var det mange dyr å sjå på og dei to minste jentene sprang rundt med frydefulle kvin "ÅÅÅÅ, kom å sjå her då!"

Her kunne vi sjå mellom anna apekattar, krokodiller, kamelar, hestar, ponniar, slangar geiter,

vaskebjørnar og endå litt til.

Det var ei fin stund, men vi var glade for at vi reiste fyrst på stranda då det småregna på rundturen vår.

Litt dramatikk vart det då minstejenta stod litt næme to emuar. Plutseleg hadde den eine nappa til seg prinsessekrona hennar, faren og eldstejenta greidde ikkje å halde seg for latteren som bobla fram. mora veksla mellom latter og medkjensle med ho som gret "sine modige tårer"

Mellomste jenta kjefta på fuglane og foreldrene, som ikkje kunne hjelpe til. Til slutt enda det godt då emuen mista krona i nærheten av der mellomste sto og ho lynkjapt fekk handa innan for nettingen og nappa krona tilbake. No er den vaska og like fin, skal berre tørke så kan prinsessa vår pynte seg att.....;.)

No har vi ei god og roleg stund i huset og nyt ein fredeleg kveld etter nok ein flott dag i Danmark!

Håpar du og har hatt ein fin søndag!

1 kommentar:

KariL sa...

Stakkars jente, tenk å misse ei så fin krune. Men gleda var vel stor når ho fekk den igjen. Ser ut for at dokke har ein innhaldsrik ferie. Dokke er flinke til å ta dokke fram. Lese mykje før dokke for? No er det berre ei veke til eg skal ha ferie. Så må eg vente ei heil veke til før min gode mann har ferie.Den venteveka skal eg nytte godt ved symaskina får tru...