lørdag 29. august 2009

Eg er heldig!

Det har vore ei travel veke med oppstart av kjekke aktivitetar;.) quiltegruppa hadde første møte for sesongen, Kreativiteten starta opp att og koret som eg er med i har og starta opp. Det gjev litt mindre tid til blogging.
Det heile var avslutta, eller kanskje eg skal seie at det var ein god start på helga i går kveld.
Då var Kari, Laila og eg samla over eit ostefat, te m.m. og sludra over diverse tema. Hovudtema vart saum.... Det var ein kjekk kveld og ei god innsprøyting med vitamin Q!




Eg har og kosa meg med symaskina i veka og har laga endå ein variant av margerittar....
Eg treng ein firkanta duk, eller to... og ein liten løpar til stoveborda. Og eg er heilt einig med Laila som synes det var ein veldig kjekk duk å sy.
Det blir nok fleire slike i forskjellige variantar.


Medan eg aplikerte duken såg eg føre meg at mønsteret ville vere fint på dei små veskene/ mappene eg likar å sy. Det måtte eg sjølvsagt prøve med ein gang.... ;.)
Det vart ein kjekk variant som eg og kjem til å bruke fleire gangar.)
No blir det ein periode med saum i raudt.....
.... så då må eg berre vise fram gåva eg fekk med systera mi for å ha passa pusen deira i sommar.
Er eg ikkje heldig som har ei søster som er veldig glad i å strikke labbar?? Eg likar det ikkje, men har likevel mange gode par, i glade fargar, som eg kan ta på meg på kalde dagar.
Det er luksus med heimestrikka ullsokkar!!!!;.)
Ha ei god helg!

4 kommentarer:

HildeS/Frøken Fryd sa...

Hei hei.
Eg fann deg via Karen K, og måtte inn og kikke.
Så flotte dukar og veske du syr. Nydeleg.
Ost og kjeks er alltid godt, og det hadde faktisk me også i går:)
Heimestrikka ullsokkar er det beste som finns.
Synd at eg brukar eit halvt år på å strikke eit par...hehe.
God helg til deg.
Smil H

Laila sa...

Ingenting slår heimestrikka ullsokkar når ein frys på føtene :) Flott margerittduk du har sydd. Eg har ikkje komme så langt enno. Mønster og stoff har lege klart sidan tidleg i vår, men så mykje anna har komme framom. Ha ei fin, kreativ helg!

Anonym sa...

Hei.Tusen takk for en hyggelig komentar på bloggen min.Så flink du er til å sy og ei kreativ dame.Ha en riktig fin Søndag.Bodil

KariL sa...

Gleder meg allerede til neste quiltekveld. Sokkane var stilige. Sikker varme også. Denne helga har gått med til håndquilting. Ikke det jeg liker best,men klarer å kose meg likevel. Ha en fortsatt god kveld.