onsdag 12. august 2009

Okergul glede


No er den ferdig. Eg har strikka den i bilen i Norge og Danmark, på båtturen tur/retur Danmark og nokre kveldar framfor fjernsynet.
Eg har montert den prøvd den og demontert den..... Eg har rekt opp att ermane og strikka dei på nytt i anna fasong, montert den på nytt og prøvd den og no er den god som gull!
Den er allereie teke i bruk og gleda er stor over den nye jakka;.)
Den er strikka i silketweed frå Drops design.
Eg har teke utgangspunkt i eit mønster, men i staden for glattstrikk som var i den opprinnelege oppskrifta, har eg laga eit bøljemønster i vrangmasker. Ermane har eg strikka etter "sånn-cirka-metoden";.) Den er mjuk og god og blir nok ein favoritt, tenkjer eg.

Eg er også i tenkjeboksen på eit nytt symaskin-prosjekt;.) For der har eg nesten ikkje prosjekt på gang... Eg kjem tilbake med meir når ideen har teke form og eg har starta.




Her har sola kome fram og eg skal ein tur i skogen;.)




Ha ein nydeleg augustkveld.

2 kommentarer:

Bente sa...

Eg seier berre:for ein tålmodighet du må ha! Men når resultatet blir godt som gull er det jo verdt arbeidet. Jakka var flott, gratulere :-)

SOLSAUM sa...

Vel, når ein vil ha ei ny jakke og ser føre seg kor fin den vil bli, då kan eg drive på til den er ferdig og slik eg vil ha den;.)