
Medlemmane i Krokan 4H hadde verkeleg laga ein fin fest for foreldre, søsken, besteforeldre m.m. Vi kom opp til nydeleg pynta bord med haustlauv, kveikte lys og lukta av betasuppe. Den smakte godt!
Etter middagen kunne vi gå rundt å sjå på dei fine utstillingane som medlemmene hadde laga for å få vurdert oppgåvene sine. Der var mykje fint å sjå! Deretter fekk vi sjå bilder og høyre om eit medlem som hadde vore ein månad i USA og deretter ei som hadde vore ti mnd i Australia som utvekslingsstudent. Kjekt å høyre å sjå om kva dei har opplevd.
Deretter var det tid for kaffi og kaker som medlemmane hadde laga. Det var fleire som hadde matlaging som prosjekt og kakene var gode;.) Så var det endeleg tid for å få utdelt merke og vurderinga av prosjektet. Jammen var det ei fin gjeng som fekk godkjende prosjekt.
Ei fin avslutning på ei kjekk helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar