mandag 21. september 2009

Dream......



Det gjer eg ofte....;.)

Det er viktig å ha draumar og draumar kan vere så mangt, det ein drøymer når ein søv eller noko ein har lyst å gjere eller bli. Dagdraumar kan vere luftige, fantastiske og dei kan bli verkelege om ein berre trur nok på dei;.) Nokre av draumane mine har blitt verkelege og nokre har eg forkasta og nye har kome til og slik skal det vere. Den rette miksen mellom draumar og verkelegheit er nok det beste, men kva som er den rette miksen kan berre ein sjølv vite....... Vel, det var vel ikkje utan grunn at russenamnet mitt var DAYDREAMER.......;.)


I kveld går turen til møtet i quiltegruppa der vi skal gjere ferdig sy-mappa som vi starta på sist. Dei to broderia som eg har vist fram i det siste er til denne. Bilete kjem når den er ferdig. Det er berre lukkekant att, eg har ikke gjort den ferdig fordi dei andre skal kunne sjå korleis eg har gjort det med monteringa. Det er så greit å også kunne sjå det ein blir fortalt.....

Ha ein strålande kveld!

1 kommentar:

LeKaQuilt sa...

Det blir spennende - gleder meg til å se sticheriet i et ferdig produkt :o)