tirsdag 1. september 2009

Haust og glede;.)

No er det haust både på kalenderen og ute! Det har bøtta ned i fleire dagar, og eg skulle så gjerne sett sola! Det hadde vore kjekt med lys og litt meir varme;.)



Men glede kan ein no finne likevel......



Det er godt å kunne kle på seg regnklede og ein sydvest og gå ut og kjenne regnet i ansiktet og vinden som ruskar. Det er også kjekt at Florø har fine grusvegar og stiar eg kan gå på når regnet gjer det sleipt og glatt i skogen. Berre sjå her kor vedunderleg vakkert det er ved Litlevatnet i dag i øsande regn!


Det er og godt å vite at når eg er ferdig med turen kan eg gå inn att og kveikje stearinlys og nyte varm kaffi eller te. Eg kan og sette på ei lydbok og ha ei god stund med symaskina.
Det er og lukke å kunne hente eit lass med bøker på biblioteket, til inspirasjon og glede og nyte dei saman med koppen med varm drikke. Då gjer det ingen ting at eg av og til må strekke meg ut på sofaen for å avlaste ryggen.

Eg har og stor glede i at det kom ein konvolutt i posten som inneheldt mønsteret som eg har gledd meg til å sy. Og ikkje nok med det, berre fordi avsendar er grei, veldig grei! så får eg eit ekstra mønster som ho og har laga. Det er mønsteret til løparen i blåtonar. Tenk å få to mønster som eg likar med første augekast!
Så den som har kjøpt ekstra vatt og vlisofix i dag, det er eg! Eg skal berre sy ferdig margerittane mine først.......
Og det er godt å vite at det er fleire kjekke prosjekt i vente!!!!

Og sist men ikkje minst kan eg glede meg og kanskje eg kan feire litt;.) fordi eg har namnedag i dag, og ein stor dag i vente.....;.)

Ha ein god dag med mange små gleder!

2 kommentarer:

Laila sa...

Gratulere med dagen :) Spennande mønster du har fått om hende her. Desse likte eg også.

KariL sa...

Gratulerer med navnedagen,men hva er den store dagen i vente? mmm..... Likevel, tenk å ha navnedag på slik et vakker dag. Tenk at du liker samme møsteret som meg. Jeg må bare sy litt av de nyinnkjøpte mønstrene mine først,og så var det disse ufoene da. Pytt sann alt går så bra. Kos deg.