torsdag 24. september 2009

På jobb att;.)

... i vert fall litt. Denne veka har eg prøvd meg på jobb, den vesle stunda eg greier. Det blir ca 1,5 timar for dag. Då vil ikkje ryggen meir, men det er kjekt å vere blant kollegaene att. Eg skal få prøve meg på ei anna avdeling enn der eg har arbeidd før så det blir opplæring no ei stund framover. Det er kjekt og eg er veldig glad for at min arbeidsgjevar kan gje meg denne mogelegheita.




Det blir då mindre tid til saum og slikt, då eg må avlaste ryggen den første tida etter at eg kjem heim. Det blir då surfing, litt meir opplæring som eg kan ta på nettet og så litt strikk før middagsmat og lekselesing. Det er godt å vere i gang att, men eg kjenner eg er sliten. Det går nok over vil eg tru;.) Men eg har no fått strikka endå ei lue til tenåringsjenta vår, ho vart nøgd med farge og mønster.



I dag har eg hatt fri og då fekk eg sydd litt, eg quilta ferdig margerittløparen så då er det lukkekanten att. Eg fekk og sydd dette handlenettet som eg tenkte skulle vere gevinst til loddsal på Kreativiteten.


I kveld skal vi har temakveld med angelina, Ei av medlemmane har laga eit fantastisk bilde med bla. angelina skal vise korleis ein kan leike seg med dette. Det blidet kan du sjå her. Det blir spennande å sjå kva folk lagar. Eg tenkte å ta litt bilete som eg kan legge inn her.



Håpar du og har ein fin kveld!


2 kommentarer:

KariL sa...

Lurer på kven som er den heldige vinnaren av det fine nettet. Ønsker deg lykke til med jobben.

Bente sa...

So kjekt at du er komt deg litt i jobb att, det gjer godt.
Heldig tenåringsjente som har fått så fin lue, lilla er flott :-)
God helg.