onsdag 2. september 2009

Topp/tunika


I sommar fekk eg eit stoffstykke med mamma. Det var akkurat passeleg til å sy på ein tunika. Stoffet er blankt, med mønster vevd i stoffet. Litt fast, men tynt.... Eg er svært glad i kontrastar og valde difor det grove garnet Bommul-Lin frå Garnstudio og hekla ein overdel. Eg henta litt frå forskjellige oppskrifter i denne boka og lagde min egen vir på tunikaen. Tråden eg valde var grovare og tjukkare enn det som er brukt i boka. Dette er då resultatet, det er no slutt på sommar og varme, men den er og fin med ein langarma genser under og evt ei god ulljakke utanpå. Det blir passeleg røft for meg;.) Når eg blir ferdig med Sylvi, (eg har berre hetta att å strikke), vil den passe godt til. Eg gledar meg til den og er ferdig;.)
Ha ein fin dag!

1 kommentar:

Bente sa...

WOW... denne var lekker.
Du er jammen flink :-)