mandag 7. september 2009

Travle og kjekke dagar!

No har vi feira mellomste jenta vår. Ho har blitt 8 år og vi har hatt jentefest og familiefest;.) Dette er kjekt, men det blir travle dagar og lite tid til saum. Eg er heldig då eldste jenta yndar å bake og pynte kaker så eg får god hjelp av ho. Ho er også glad i å planlegge aktivitetar som ein kan ha på bursdagsfesten og jentene synes det er kjekt at storesystera til jubilanten vil vere med. Familiebursdagen var i går og når ein er omtrent 30 stk treng ein ikkje å aktivisere så mykje;.) Ungane kosar seg i lag og vi vaksne kan prate og kose oss saman med både liten og stor. Det gjev kjekke stunder med prat, kos og latter.

Eg fekk gitt frå meg nokre gåver so eg har sydd

Eine jenta som vart 4 år for litt sidan fekk denne. Eg spurde ho kva yndlingsfargen var, ROSA!! kom det kjapt og med eit stort smil, og dermed måtte ho få denne oppi hadde eg putta to små dukker for det sto og på ynskjelista.

Gutane i familien er veldig glade i fotball, dei trenar og spelar kampar og har favorittlag som dei gjerne ser kampane til på fjernsyn.















Då må ein berre få ein slik i gåve og oppi var det han helst ville ha.... Han hadde kjøpt seg fotballskjorte (Manchester United) og den var noko dyr så tilskot til den var ynskjet;.)

Denne har og flytta;.) Den har kome til systera mi som byte til at ho skal strikke lange, svarte ullsokkar til meg som eg kan bruke i støvlettane til skjørt og kjolar. Ho skal og strikke leggvarmarar som eg skal ha i støvlane;.) Det er eit godt byte for meg;.)

Ha ein god dag!

1 kommentar:

2ne sa...

Disse var flotte, nydelige stoffer :-)