torsdag 1. oktober 2009

Eit nytt tiår......

Jepp!, så er eg blitt 40. Det var ingen store forandringar frå dagen før.... Men no er eg vel halvvegs til vaksen;.)


Eg er heldig som har ein flott familie som er med på å gjere dagen god, kjekke vennar som kjem innom på dagen til glede for meg.

Det er kjekt å kunne kveike stearinlys og sette fram kaker og sjokoladekuler til gjestene. Som kan nytast til kaffi og te, mmmmm.........
 Eg er og heldig som har ein god 13-åring som vil lage  og pynte kake, som vi kan servere gjestene;.)

Sjå på alle dei små lilla og grøne blomane ho har laga!

Gleda er stor over blomar som blir leverte på døra og av gjester som kjem innom. Tenk at så mange hugsar på meg og ikkje minst alle sms'ane og telefonsamtalene som har kome i løpet av dagen. Det er ei stor lukke!

På jobb var vi to som vart feira med sang, kake og gåve, så det var feiring frå morgon til kveld;.) Det er faktisk kjekt å bli 40 år!!;.) Det er godt å kjenne at ein etterkvart er trygg på og har det godt med seg sjølv.... Så eg skal framleis nyte livet!


Sjå også på alle dei flotte gåvene eg har fått og endå til har eg fått gavekort. Det skal bli kjekt å kunne bruke tid og kunne velje noko spesielt frå dei eg har fått desse korta frå;.). Og eg skal nyte å bruke dei gåvene eg har fått!

Eg er heilt overvelda over kva fint dei rundt meg har funne til meg, kvar og ein har funne flotte ting som eg set stor pris på å få!



Tusen takk alle saman!

5 kommentarer:

Lappesola sa...

Gratulerer med dagen. Og gratulerer med ny symaskin. Håper du får mange fine timer sammen med den framover.

Klem fra Sol

Bente sa...

Hei,hei :)
Gratulerer så mykje med dagen. So flink 13-åring du har. Flotte kaker!
Ja, her kan du kose deg med mange fine gåver, blomster og besøk. Ha ein fin bursdag.

Lappetausa sa...

Gratulerer med overstått 40årsdag! Så kjekt at mange gleda deg på ymse vis denne dagen!

Laila sa...

Gratulerer med vel overstått 40årsdag!

LeKaQuilt sa...

Gratulerer med 40 års dagen! Å fylle førti er da topp :o)