Det er ikkje mykje anna enn været, som minner om haustferie i familien. Minstejenta er i barnehagen fordi vi andre er opptekne på kvar vår kant;.)
Dei to skulejentene våre er på 4H sin matskule, Eldste er arrangør saman med 3 andre venninner. Dei har matskulen som sitt 4H-porsjekt dette året.
Eg er grådig stolt over den dyktige jenta vår som torer å prøve nye ting og som greier oppgåvene med glans!
Det blir lite tid til å lage kort, smykke ol., men det er gode erfaringar å få med seg. Kort og smykke kan ho lage seinare i haust.

Vi vaksne er på jobb. Eg er der framleis berre 1,5 timar for dag, men det er det eg greier no. Det er mykje nytt å sette seg inn i, og eg trur nok det skal gå bra når eg kjem så langt at eg skal bruke kunnskapen i praksis;.) Eg har og ei stund heime kvar dag der eg kan lese om produkt og nettbank. Det er kjekt å vere i gang att;.)
Det har vor lite saum i det siste, berre strikk og hekling. Strikk er jakka til søstera mi, som eg snart kan overlevere;.), og eg har hekla ein kant rundt ei jakke som eg strikka sist vinter, så kom sommaren og den vart lagt vekk.... No er den ferdig og klar til bruk.
Det andre eg har hekla er halsband til "hundane" til dei minste jentene. Dei har vore bestilt for ei tid sidan, og søndag etterlyste mellomste bandet.
Eg har bomullstråd liggande, hekla luftmasker og ei rad med stavar rund luftmaskene.
Ei "namneplate" måtte dei ha, og på den skal eg brodere namnet med svart tråd, eg må berre få vite nøyaktig kva dei heiter, det er jo dumt om det blir feil namn......
Hunden med det gule bandet, som er minstejenta sin hund, skal også ha band som ho kan leie den i. Det blir litt fleire luftmasker og fastmasker rundt, tenkjer eg, så skal den vere klar;.)

Ha ein fin dag vidare!
1 kommentar:
På yr.no ser vi tendenser til sol på onsdag mellom kl. 14-16 det er berre å gle seg.... koselige hundar, er vel veloppdragne og lydige..
Legg inn en kommentar