fredag 9. oktober 2009

Helgemysterie;:)



No har eg kutta bitane til i morgon. Eg synes det er eit behageleg tempo på dette mysteriet. Det går fint å følgje med og samtidig få med seg andre syslar i familien, slik som avsluttingsmiddag i matskulen til 4H.
Ungane bydde foreldre og søsken på taco og underhaldning i dag. Dei hadde også kaffi og vaflar som vi vaksne fekk nyte medan ungane rydd opp. Tenk for ein luksus!!!!
Det var ein god start på ei kjekk helg. Eg skal både sy mysteriesaum og gå på kurs med AnnAKa. Det er paintstiks vi skal prøve oss på denne helga. Eg skal altså male og kose meg saman med andre kjekke jenter heile helga.  Det er sosialt og ein kjekk måte å få lære nye teknikkar.

Eg gledar meg også til å kikke innom dokke andre som er med på mysteriesaumen;.)

Ha ei god og solrik helg!

3 kommentarer:

Helle sa...

Hvor bliver det flot med dine stoffer og smukke stitchery - spændt på at se mere :-)

Hilde S. sa...

Kjempeflotte stoff du har valgt, og flotte stichery:)
Gler meg til å sjå alle ferdige.
God helg.
H

Elin sa...

Hei! Her var det masse fint å titte på!