
Vi fekk også tid til å ta turen innom dei tre andre "snopebutikkane" som Kalvåg byr på. Tenk det, denne vesle plassen har ein velassortert garnbutikk, ein gåvebutikk og eit galleri med utsal som tilbyr alt frå garva fiskeskinn, tova smykker og klede til keramikk og mykje, mykje meir!
Det går ikkje berre med kreativ føde, så vi tok turen innom Knutholmen som hadde dekka langbord til oss og serverte nydeleg fiskesuppe og heimebakt eplekake og is til kaffien, mmmmm.... det var eit fantastisk måltid.
Deretter kom Pamela og viste oss korleis ein kan lage "papir" av lin og silke og viste oss div prøver på denne teknikken og andre måtar ein kan bruke silke. Ho er positiv og har mykje kunnskap som ho gjerne deler med alle som spør! Eg synes det er utruleg at ho orka dette programmer etter å ha teke nattbussen heim etter ei veke på Høgskulen i Rauland. Ho kom heim kl 09.30 og tok smilande i mot oss kl 11.00! Ein stor takk til ho for at ho ville ta så vel i mot oss!
frå Gjestal. Den heiter Tinde og er så mjuk og blank at det skal bli ei fryd å strikke med den og kunne bruke plagget;.) Eg har ein ny kjole "på veg".
Eg fekk også med meg litt silke slik at eg kan prøve meg på teknikken Pamela viste oss, det gleder eg meg til!! Det ligg i posane på bildet;.)
Eg kunne heller ikkje gå forbi dette vakre armbandet som er laga av sølv farga kuler og tova ullkuler. Har eg ein litt tung og trist dag, kan eg ta på meg dette til oppmuntring!
God kreativ søndag til deg!
1 kommentar:
Ser ut som du har hatt ein super dag i Kalvåg.
Flott plass, har vore de nokre gonger.
Legg inn en kommentar