Nok ein nydeleg dag er på veg til å bli kveld.
Det er fantastisk å vakne å sjå månen lyse opp utsikta frå stoveglaset. Det er nesten magisk og underleg lyset, når dagen gryr.



Det er også godt å gå ute, det mjukar også opp kroppen og med fleire lag klede er det ei god stund.
Det er godt med slike dagar, då ein ikkje skal noko og kan la dagen gå og gjere det ein har lyst til. For meg betyr det lydbok, handarbeid, varm drikke og fyr i omnen, det kan eg godt venje meg til;o)


Jakka veks jamt og trutt, eg er snart ferdig med berestykke. Eit par
kuber til så kan eg dele den i fram-, bakstykke og ermer. Då er det eit fint fjernsyns/bil-strikk med glattstrikk til stripene som lagar fine avslutning på ermane og bolen.
kuber til så kan eg dele den i fram-, bakstykke og ermer. Då er det eit fint fjernsyns/bil-strikk med glattstrikk til stripene som lagar fine avslutning på ermane og bolen.
Håpar du har ein god dag, nett slik du vil ha den...;o)
1 kommentar:
Fine bilder
Legg inn en kommentar