Søndag og framleis fri;o) Så langt har den vore langsam i selskap med strikkety, tekoppen og radio. Koppen som eg fekk til jul har vore flittig brukt. Når den ikkje er fylt med varm og god Kusmite har eg hatt den på kjøkkenbordet til pynt. Eg synes den er nydeleg og på den raude linløparen gjer den seg ekstra godt!
Tusen takk for den fine gåva, Laila;o)
Tusen takk for den fine gåva, Laila;o)
Det er siste dagen før alle skal tilbake til barnehage, skule, jobb og kvardagen att. Det har vore godt å kunne nyte lange dagar utan faste gjeremål. Kunne ta dagen som den kjem og berre vere... Skal tru om eg kan greie å gjere litt av det når kvardagen er tilbake, mellom jobb, trening og alle dei faste tinga som ein skal gjere. Eg skal i vert fall prøve. Eg trur at det gjer godt å stoppe litt opp og berre vere. Det skal og bli godt å komme i gang att med jobb, kvardagen og aktivitetar som vi held på med fordi vi likar dei.
I dag skal eg ta turen inn på syrommet, tenkte eg. Strikketyet har vakse, og snart skal eg dele det i ermar, fram- og bakstykke. Eg likar framleis godt alle dei fargane som leikar seg saman. Eg gledar meg til den er ferdig og eg kan ta den i bruk.
Eg kunne tenkje meg å prøve å bruke kubene til ein overdel. Framleis er det berre på tenkestadiet, og der skal den få vere ei stund til, før eg prøver den ut.....
Ha ein god dag!
2 kommentarer:
Takk for hyggelig kommentar. Ja, så er det snart full uke og alt kommer igang igjen. Tiden må deles på flere ting, jeg tror heller ikke jeg rekker alt jeg ønkser meg. Ha en fin første uke i 2010.
Glemte å nevne den lekre koppen din - den var nydelig.
Legg inn en kommentar