søndag 31. januar 2010

Vintersøndag

Etter snøfallet i går vakna vi til ein strålande solskinsdag i dag! Alt er kvitt, reint og lyser i solskinet. Vakkert! Inne er det fyr i omnen og godt og varmt.
Om litt vil eg prøve meg ut på tur, eg vil tru at det må vere godt snøføre. Frisk luft og solskin kan no ikkje skade! Det gjer godt for humøret og så får eg snu tidsnok slik at det blir passeleg for ryggen.....


Eg fekk sjå månen i natt, før eg gjekk å la meg måtte eg ut å ta ein kikk. Det var nydeleg måneskin og stjerneklårt! Nydeleg lys over dei kvite flatene.


Lua er og ferdig og mellomste er nøgd. Den har vore på sidan ho fekk prøve den i dag tidleg. Ho ville ikkje ta den av, skulle tru det var kaldt inne....

Eg tolkar det til at ho var svært nøgd med resultatet. Mønsteret valde ho sjølv, det var eit anna enn det eg hadde tenkt å lage, men då kan eg kanskje lage den ein anna gang..... 
Mønsteret er eigentleg til vaksne, men med enkel tråd og mindre pinnestr. kunne eg legge opp same masketalet som i oppskrifta og fekk ei lue som er passeleg til ein 8 åring.


God søndag til deg!

2 kommentarer:

Ann Tove sa...

Klart denne hua fall i smak. Kjempefin.
Ja, vi har eit flott vinterveir, både natt og dag. God søndag til deg.

Linda sa...

Hei!Nydelig blåfarge og flott mønster.
Håper du fikk en fin tur i solskinnet.
det er deilig når sola skinner,da får en ladet bateriene.Fortsatt god søndag! :))