mandag 1. februar 2010

1. etappe;o)

I dag vart eg ferdig med 1. etappe/nøstet. Eg har strikka trekantsjal i stjernemønster. Eg synes at mønsteret kjem så godt fram med den blanke tråden. No skal eg i gang med Kid-Silk og heklekroken. 

Eg har starta på første omgangen i brunt. Vidare er det to duse lillatonar og ein isblå. Som sagt brukar eg restane frå kjolen, men eg trengde ein farge til og valet vart isblå/gråblå. Det skal bli spennande å sjå korleis dei blir saman.

 Eg likar best dei små trekantsjala, dei eg kan tvinne rundt nakke og hals. Om eg skal varme skuldrene likar eg best breie, lange skjerf, men aller best er det å krype inn i ei lun strikkejakke;o)

Ha ein god kveld!

3 kommentarer:

Bente sa...

Nydeleg mønster i sjalet ditt.
Det blir spennande å sjå det ferdige resultatet.
Ha ei fin veke.

Anonym sa...

hello... hapi blogging... have a nice day! just visiting here....

KariL sa...

Strikkepinnane er igang igjen. Så bra. Gleder meg til å se det ferdig. Alltid godt med sjal. Klem og kos :)