onsdag 3. februar 2010

Hjerteleg......

I dag er det nok ein nydeleg og kald vinterdag, eg har tusla meg ein tur ute og plukka med småting inne. Pausane har eg brukt til å brodere. Eg har funne nokre fine mønster, og stoffet fekk eg i posten for nokre dagar sidan. Eg måtte berre prøve det og eg trur nok at eg kjem til å bestille litt meir av dette stoffet:o) Eg likar det meir og meir etter kvart som eg broderer. Det vart ikkje musebroderi no, eg er ikkje i "julemodus" no i februar. Eg skal brodere det seinare, for eg synes det var yndig, om mus kan vere det.....

men det vart desse.....

....altså litt meir hjerter. Eg trur at nokre ting kan ein ikkje få nok av... om eg skulle nemne berre to, måtte det vere hjerter og englar.......;o)

No, må eg rive meg laus frå nåla, for det er vel nokre som vil ha middag;o), men når eg er "leksehjelp" kan eg gjerne få sydd nokre fleire sting, vi damene greier no fleire ting på ein gang, gjere ikkje vi???

Ha ein fin dag!

3 kommentarer:

KariL sa...

Klart vi kan.... Er spent på kva du no held på med...litt nysjerrig kan ein vel seie. Ha ein god kveld :)

Bente sa...

Nydeleg broderi!
Blir spennande å sjå kva dette skal bli.
Ha ein fin kveld

Grethe sa...

Flott broderi :0)