onsdag 10. mars 2010

Ein raud-oransje tråd.....

Vel, no har eg "surra" meg inn i ein farge igjen;o) Eg ser at det blir mykje raud-oransje her.

Flettejakka ligg til tørk og eldstejenta sin kommentar var, har du laga endå ei oransje jakke??? Eg tenkte, hmmmm har ikkje du sett kva eg gjer på om kveldane... ja, ja;o)

No blir det nye fargar på strikkepinnane! Vi har fått 3 babygutar i familien og då må eg fram med gute-fargar, det blir uvant! Eine guten er mannen onkel til (og eg farbrorkone!;o)) og to av gutane er det to av søskenbarna mine som har fått.

Eldstegullet har og vist meg nokre jakker/boleroar som ho ynskjer seg... Det er kjekt å vite at eg har mange gode strikkestunder enno;o)

Og så har eg funne det mest bedårande, unyttige?:o), yndig strikk....
Eg skal bruke opp (litt) restar til desse søte mini egga. Det er kjekt med småstrikk som blir ferdig på ein, to tre!;O)
Yndige!.... eg har litt rosa, grøne, gule, turkise trådrestar som blir nusseleg påskepynt;o)

Har du restar du vil bruke finn du oppskrifta her.
Eg fann den via denne bloggen. Ho som har den er kjempeflink til å finne og vise gode idear og inspirasjon!

Eg har og vore på syrommet og det er kjekt! Eg har kutta stoff og kome i gang med stjerneblokker. Hmmmm og her var der raud-oransje att......;o)

I dag blir det litt saum, litt strikk og ein del pausar kjenner eg. Variasjon er fint!


Ha ein variert og spennande dag!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Det var en nydelig jakke, rød/orange er fine farger. Jeg er veldig glad i rødt selv, alene eller sammen med andre farger.
Ha en fin dag!
Merete

jette sa...

Hvor er de søde, dine æg. Og tak for de pæne ord! :-)