Laurdag med nokre få gjeremål. Litt ute av huset og litt innomhus. Pusle litt rund og smårydde, småstrikke, med kaffi- eller tekoppen i nærleiken.
Ute er det vått og grått så eg er glad eg er ferdig med ærenda og kan vere inne resten av dagen.
Nedbøren vekslar mellom våt snø og regn no så det fristar heller ikkje å skulle gå tur i dag, nei då er det kjekkare med kveikte lys, familie og handarbeid.
Gla'jakkestrikket veks litt kvar dag og no har eg fått samla ermer og bol og kan strikke ragalanfelling;o) Det er blanding av Camelia og alpakka frå Garnstudio.


Go' laurdag til deg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar