fredag 26. mars 2010

Mysteriefinale...

Eg valde å lage pute av mitt mysterie. Eldste meinte bestemt at den passa perfekt på rommet hennar då ho måtte gje frå seg, (ikkje heilt frivillig...;o) ei anna stor klovnepute for ei tid tilbake. Det er kjekt å vite at tinga eg lagar blir sett pris på!;o) Den er no på plass i senga hennar.


Og no må eg berre skryte litt av ho. Ho har ein maletime for veka på kulturskulen. Det har ho hatt nokre år og det er ein av dei aktivitetane ho ikkje kjem til å slutte med eller byte ut, det får vi beskjed om kvar gang vi skal fornye plassen. Eg ser at ho verkeleg har att for å gå der, og at ho stortrivast med det.
Vi har fått nokre flotte teikningar og maleri og det er kjekt å ha desse på veggane;o)

I går kom ho heim med nok eit vakkert maleri, eg var snart i gang med å finne ein fin plass til det, men dette ville ho har sjølv. Eg forstår det veldig godt for det er eit nydeleg bilde og fargane passar svært godt på det nymåla rommet;o)

No har resten av familien starta på påskeferie og planane våre er noko "svevande" endå. Det blir litt heimepåske, litt på tur og familiebesøk. Det ligg an til nokre gode dagar!

Ha ein god fredagskveld!

2 kommentarer:

Bente sa...

Så smart du er, som laga mysteriet til ei pute :-)
Kjempefin.
Ingen tvil om at det er(endå)ein kunstnar i heimen der,bilde ho har mala var nydeleg.

Ynskjer deg ei fin påske.

Rita R sa...

Det var en helt genial ide å lage pute, at jeg ikke tenkte på det. Kjempefin.