torsdag 4. mars 2010

Nydeleg!!

 I dag har eg hatt ein fantastisk tur i solskinet.
Etter at vesle-gullet var på plass på utegruppa, gjekk eg etter sola....

Eg gjekk i nydeleg solskin og kjende ho varma og det gjorde utruleg godt! Eg tok turen på sørsida av åsen der eg bur.

Når naturen er bada i sol, er det vakkert med den kvite snøen trass alt.... Eg skal halde ut litt til...;o)


Her er den nye vårløparen, og idear til nokre fleire kom medan eg sydde denne.... 
Dei skal eg sy, men først skal eg berre har lage ferdig nokre gardiner, og ei veske. Eg er så glad at eg kan glede meg over fleire kreative krumspring;o)


Her har eg leika meg med nokre sjablongar som kom med i posen sist søndag hos Desiree;o) Eg synes dei passa godt på ein vårløpar....;o)


I dag skal eg koser meg i kjekt selskap med to gode venninner, nyte god prat og godt selskap. Men først skal eg ha ein liten tur på syrommet....


Ha ein nydeleg dag!

1 kommentar:

Min Quilte krok sa...

Hei takk for hilsninga på min blogg:-) ser du også syr flotte vår løpere
ha en fin og kreativ uke:-))