Eg har lyst på vår! Eg vil ha grønt på tre og busker. Blomar som dukkar fram i vegkanten og i bed. Treng sol og varme;o)
Men kva får vi i Florø i dag??? MEIR SNØ!!! Vind som kvin rundt hushjørnet og gjer huset kaldt og store våte flak som legg seg over alt.....
Ja, ja godt er det då godt å ha ein sterk mann som får ved i hus til omnen og stearinlys som skal kveikjast til kvelden. Varm kaffi i koppen og inspirasjon på div. bloggar.
Eg kan og sy noko av dei flotte stoffa eg kjøpte søndag.
Og så har eg dette skjørtet som eg sjølv hadde i barndomen som veslegullet no frydar seg over å bruke. Det er vel omtrent det einaste som kan gje vårstemning i dag!;o)
God kveld til deg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar