Det minner om vår ute, sola kikkar fram i ny og ne. Temperaturen og "draget " i lufta minner om vår!
I dag var det Litlevatnet og Storåsen som var målet. Eg kom eit stykke opp i åsen, så langt som det var bart, så tusla eg meg opp i skogen og kunne kjenne det mjuke terrenget under skoa att, det lover godt!
Etterpå kunne eg rusle fram på kanten, finne meg ein benk og la auga kvile på blått i blått. Sjø og himmel med øyar og skjær. Å det gjer så godt å sitte slik. Om litt kan stunda bli lenger, når kulden slepp taket.....
Vel heime tok eg fram vårsaumen og gjorde ferdig samansying og garnityr.
Også eg valde vekk handsaum og let mine marihøner få Pfaff-prikkar... Så vart dei frisleppt og no tuslar dei rundt på mitt mysterie;o)
Jentene meinar bestemt at det er ein vårduk og mannen snakka om tordivel!??;o) ja, ja han er god til å terge;o) Eg har tenkt pute, teppe, bilde, og den som ventar får sjå, det er ikkje så lenge att no.....
Det er grådig kjekt å "sjå" innom 9NA å finne sidene til dei som er med å syr dette mysteriet. Vi løyser alle mysteriet på forskjellige måtar, med forskjellige fargar og stoffval. Det er kjekt å sjå at same utgangspunkt blir så forskjellig;o)
Ta gjerne turen rund å nyt mysteria og bli inspirert!
3 kommentarer:
Åååå så fint og sommerlig...! Deilige farger... (litt 80-tallet...) :)
Denne blir virkelig nydelig.
hk
Same kva det blir var fargane nydlige og vårlige. Kjekt å sjå kor forskjellige dei blir. Helsing Jofrid
Legg inn en kommentar