I går kveld var eg så heldig å vere saman med mange kjekke damer på Kreativiteten. Temaet for kvelden var løpar på ein kveld som AnnaKa har laga for Quiltemagasinet sist haust. Bildet viser nokre av dei flotte stoffa i materialpakkane. Eg gløymde heilt å ta fleire bilete, då eg skulle vise, fortelje og hjelpe til. Det er så kjekt at vi kan hjelpe kvarandre og lære av kvarandre på bua vår. Vi valde å ha vårlege stoff, nokre søte småblomstrete og nokre i påskefargar, i materialpakkane. Det vart mange forskjellige, flotte løparar.
Eg var og så heldig å vinne desse flotte påskeliljene. Eg kjøpte nokre i går for å lage vårstemning på kjøkkenet og tenkte at eg måtte kjøpe fleire for å ha i stova.
Det slapp eg, og no lyser dei mot meg i stova. Dei minner meg om at snart er det gult sollys som varmar ute, det blir grønt, varmt og fint. Det har sildra lystig i små bekkar ute nokre dagar no, vegar og fortau har blitt bare og det er ei lyst å gå turar att;o) Sildringa har og vore med på å gje meg vårstemning…..
Altså eg har våren i meg!;o), har pynta kjøkkenet med ny løpar, nyinnkjøpte påskeliljer og friske fargar.
Eg har og plukka fram dei lyse kappene til kjøkkenglaset og skal henge dei opp og sleppe endå meir lys inn på kjøkkenet!
2 kommentarer:
Vi drøymer vel alle om vår no og du har riktig laga det fint og vårlig. Ute snør det, så der ser ut for at vi foreløpig må drøyme.
God helg!
P.S. Karabinkrokane vil ankomme i helga ein gong :)
Her var det skikkelig vår. Nydelig stoffer du har brukt.
Legg inn en kommentar