lørdag 24. april 2010

Lukke;o)

Eg er heldig å ha ein mann og tre jenter som gjerne kjem på tur til meg når eg er her inne.

Vi har hatt ein fin dag, med sol og regn, og jammen fekk vi oss ein tur medan det var opphald og sol;o) Eg fekk også ein vakker kveldstur med sol, fuglesong og vakker natur;o)

Ein tur til Dale var og sjølvsagt og vart av slutta med ein tur på Dalsåsen Kunstnarsenter. Der var det "open dag" i dag. Vi kunne gå inn i ateliera til kunstnarane som jobbar der no. Kunne sjå på arbeida deira og få ein prat med kunstnarane. Vi fekk presentert 6 forskjellige kunstnarar frå Island, Sverige, Noreg og Finland. Vi har nokre tolmodige jenter som var med også på dette.

No er kjolen/tunikaen min ferdig.

Eg har brukt Lin frå Garnstudio til å hekle toppen og pynten på skjørtet. Skjørtet er og i lin, frå Stoff og Stil.


Denne er miks og noko eige design. Blomane fann eg her og tenkte dei kunne vere fine som bord på eit rundt bærestykke.
Utgangspunktet for kanten nede er muslingbord frå boka Maskeball av Tine Solheim.



Så no er eg klar for eit nytt prosjekt;o)

Ha ein fin dag!!

4 kommentarer:

Siv sa...

Kjolen blei nydelig! Jeg er mektig imponert!

Unknown sa...

Så fin kjolen ble, du er kjempeflink!

Liven sa...

Den ble kjempefin - og helt unik - ingen har maken. Kos deg videre;-)

Bestemor Drillo sa...

Dette var en flott kjole! Du er virkelig kreativ;)) Ha en strålende dag! Klem fra bestemor;)