Dagane har vore gode med sol, sjølv om det har vore kald vind. Eg har funne meg ein lun krok og med handsaum og tekoppen nett i nærleiken;o) Etter den daglege turen til Brandsøyåsen er det godt å ha ei pause i sola.
Eg har forelska meg heilt i dei nydelege småmønstrete stoffa og denne nydelege blonda som eg fann hos min faste materialleverandør;o)
No har eg tenkt å lage nokre strikkeposar og ei veske som eg har bestilling på og etter det har eg sikkert kome på endå litt fleire prosjekt i tillegg til dei eg allereie har "på blokka" og glad er eg for det!!!
Ha strålande sommardagar!
1 kommentar:
Ja det er varmt og godt i solkrokane der nordavinden ikkje tek. Nydeleg løpar du har laga. Skulle vore moro å sjå "blokka" di. Strikkeposar må eit kvart strikkty ha. Gled meg til å sjå dei.
Kinn er flott turplass.
Legg inn en kommentar