lørdag 26. juni 2010

Midtsommar;o)

No er vi halvvegs i sommaren og eg tenkjer at vi har det beste att....


Her er litt stemning frå dei siste dagane, jentene og eg har vore på tur. Vi pakka bilen og sette kursen til Hyen og barndomsheimen min. Det var vi med på jonsokfeiringa.


Det er god gammaldags jonsokfeiring med felespel, brudepar med brudekorg full av småkaker og sjokolade som dei spanderer på "gjestane".

 Det er natursti, fleire leiker for ungane og dei av dei vaksne som enno (heldigvis) er leikne.... pølser, kaffi, kaker og brus. Det er eit stort bål og fleire mindre til dei som vil spidde pølser eller marshmellows.

Det er småprat, latter og kos langt ut i dei små timar.... mmmm det er mi jonsokfeiring som ungane og gjerne vil vere med på.











Det å kunne vere med på dette i slik vakker natur gjev dobbel glede!

Dagen etter kunne vi nyte sola og varmen på altanen til foreldra mine, før regnet og kulden kom tilbake...






Men regndropar er og vakkert......




 
Vakkert er det og å putte dei nyinnkjøpte perlene i ei Cognacflaske.... Flaska har ei vakker form og saman med perlene vart fin sommarleg pynt. Ein vakker bukett frå hagen pyntar litt ekstra.....;o)




Ha ei god helg!

2 kommentarer:

Laila sa...

Eg håpar, som du, at vi har det beste att... :) Ikkje rare sommarvarmen hittil, nei. Det er enno lenge til eg skal ha ferie, så eg satsar på at det ordnar seg. God helg til deg.

KariL sa...

Så mange fine bilde frå jonsok. Kjekt med tradisjonar. Alle trur vel at vi har det beste igjen av sommarværet, men for sikkerhets skyld, har vi bestilt ein tur sørover.

Ha ei fin helg!