onsdag 16. juni 2010

Sommar?? = avslutting, fest og kalas.....


Kalenderen viser juni og vi fekk så vidt smake på sommaren sist veke før ein kald nordavind sneik seg inn på oss! Sola har vore framme inn i mellom, men temperaturen minner ikkje så mykje om sommar........ enno;o) 

Sommar er det for avsluttingar står i kø; kulturskule, barnehage, skule. Alle skal markere at no er det sommar og snart sommarfri. Det er kjekt å vere med på, sjå små og store syng, dansar og spelar. Litt kaffi, saft og kaker høyrer med.

Avsluttingar i fleng og bursdagskalas inn mellom gjer at eg i dag kjende at no er eg kakemett!!! Godt er det då at vi no er ferdig med alle avsluttingar og bursdagskalas for ei stund. Kjekt er det når det står på, men godt er det når vi er ferdig.

Mellom all feiringa prøver eg å sy litt. Prosjektet er nokre strikkeposar som eg lenge har tenkt å få ferdig. Eg har skore til stoff og vatt og quilta nokre så eg er i gang.


I dag har dagen starta i langsam tempo. Eg nyt blomane eg har plukka inn frå hage og vegkant, og har liksom ikkje kome heilt i gang, sjølv om eg både har trena og vore på sommarfest i barnehagen. Vel nokre dagar er berre slik......

No skal eg sjå om eg kan sy litt, det må bli noko småplukk for det er det eg er i humør til i dag;o)


Ha gode dagar!

1 kommentar:

Mona sa...

Takk for hyggelig kommentar. Ja det er mye som skal skje den siste tiden før skolelslutt. Har takket nei til flere avslutningen på skolen. Har desverre ikke tid for Hvarnesfestivalen nærmer seg med stormskritt og utstillingen jeg skal være med på er allerede på søndag. Puhh.... men fra mandag har jeg FERIE !!! Ha en strålende uke.