søndag 20. juni 2010

Sommarsøndag....


Sola er her, men også ein kald nordavind. Likevel treng vi å komme oss ut og kjenne sola varme. Lune krokar rundt huset hjelper på ein kald skrott....;o)
Kaffi, aviser og handarbeid har vi kunne nyte ute, men kjem ein rundt nova bles det sørgjeleg kaldt, så vi heldt oss i go'kroken i føremiddag.


Seinare på dagen ville vi ut i verda og dei minste jentene ville fange krabber.

Vi pakka kaffi, håvar, bytter, litt å bite i, puter, handarbeid til meg og avisa til mannen og sette kursen til Sørstrand.
Vinden er framleis frisk, men vi fann oss litt le bak nokre svaberg og hadde eit par fine timar ved sjøen. Jentene fann krabber, leika og kosa seg og vi vaksne kunne nyte lyden av leikande ungar, bølgjeskvulp og smaken av god kaffi. Jau då , det er ein fin dag og vi gledar oss til nordavinden løyar......;o)

Ha gode sommardagar!

2 kommentarer:

KariL sa...

Takk for sist!
Får håpe at vi snart får sommartemperatur. Då skal vi nok stikke tåna uti.
Ha ein fin kveld!

Elins systue sa...

Så det er der sommeren er................