onsdag 14. juli 2010

Nyte.....


..... er viktig! Dei FÅ sommardagane vi har hatt i år gjer at vi raskt legg om planane når sola viser seg. Då er det å finne eit handarbeid som passar ute, litt god drikke og i dag var det også ei skål med jordbær, norske, søte, gode..... å det er livet!! Eller finne joggeskoa og ta seg ein skogstur!

Dagane i mellom solgløtta fyller vi med kjekke syslar. Eg hatt ein liten innspurt på div. prosjekt som nesten er ferdige. Eg har fått ferdig nok ein bolero til eldstegullet, og held på å montere ei babyjakke og omsaum-prosjektet mitt......

Eldstegullet på si side har leika seg med perler og har laga maskemarkørar, smykker, armband og ringar.


Eg er så heldig å få fleire armband denne sommaren, det siste ho laga er dette. Det er i ein nydeleg raudfarge og så har eg fått ein fantastisk, nydeleg ring som passar til! Gjett om eg er glad! Det passar perfekt når eg går i mine raude klede.....;o)

Jau, vi er ganske gode på å nyte....;o)

Nyt dagane!!

2 kommentarer:

KariL sa...

Livet er til for å nytast og dokke kan det, ser eg.
Den ringen var knakande fin. Hels eldstegullet.
Klem fra KariL!

Bestemor Drillo sa...

Den ringen var da helt spesiell og vakker !
Vakre sommerlige bilder de øvrige også !
Ha en fortsatt fin sommer! Klem fra bestemor som er på visitt i Norge!!!!!!