mandag 5. juli 2010

Små gleder på ein regntung dag.

Det er no ein gang slik at sola og varmen let vente på seg. Eg hadde håpa at den hadde kome og vore her meir enn ein dag om gangen..... Vel, vel glede kan eg finne i å sy, strikke og hekle, men det hadde vorte endå betre med sol og varme.....




Eg måtte ha ein roleg dag i dag og då fekk eg gjort ferdig puta mi, det vart ei skikkeleg gladpute!! Eg smiler og gleder meg når eg ser den, og om eg ein dag skulle synes at den er vel heftig kan eg snu den rolegare sida fram;o)

Eg har lenge tenkt å prøve å sy ein slik.

Eg hadde berre korte glidelåsar som passa i farge, og då vart det ein i denne omgang. Eg skal skaffe meg fleire glidelåsar og sy fleire. Eg valde å ha vatt og fôr i min. Ein søt liten sminkepung eller til det eg treng å samle på ein plass......

Gjer dagen god og nyt den!

3 kommentarer:

KariL sa...

Så herlig galdpute du har laga. Ser at du får mykje ut av dagane, sjølv om det er sommerkaldt og ruskete ute.
Klem fra KariL :)

Bente sa...

Så fin gladpute :-)
Smart sminkepung. Eg er einig med deg i å bruke vatt og fôr, blei fint det.
Denne såg veldig "snau" ut, trur eg må prøve den. Takk for tipset.

Ha ei fin veke.

Laila sa...

Gladputa di var riktig flott. Ein treng visst all oppmuntring ein kan få i desse trasige sommardagane. Pungen din såg veldig kjekk ut. Takk for linken - denne skal prøvast.