lørdag 7. august 2010

Eg måtte berre.....

.... dei passa så utruleg godt til løparen min, som dermed, vart ferdig. Det var berre lukkekanten som mangla.....;o) Så no er kjøkkenet pynta med nye pyntepotter, ny løpar og brikkene frå i fjor sommar....







Lotuslysestakane er frå ein kjekk tur til Førde tidlegare i sommar saman med ei god veninne;o) Så no er det stell på kjøkkenet og eg kan nyte det og mange gode minner frå kurset då eg laga løparen. Det var på eit kurs med Anne Beier Finnestad, ei fantastisk dyktig dame, med utruleg mange gode historier på lur!!

Så kunne eg heller ikkje gå forbi desse vakre snittblomane.... Berre sjå kor vakker rosa er!!! Den passar perfekt på bordet i stova mi;o)

... og sist men ikkje minst kunne eg ikkje motstå denne då eg såg den på forskjellige bloggar for ei tid tilbake.
Mønster med stoffpakke vart bestilt og har lege å freista på syrommet mitt.

Eg sydde den i går, då regnet var kome tilbake.... og sjølv om sola kom fram seinare på dagen var sylysta kveikt att, så det vart laga fleire prosjekt som vil komme her når eg berre har sydd ferdig.

I dag har vi vore til by'n som har yra av liv og røre. I gatene var det eit vell av veterankøyrety og langs alle kaiene ligg veteranbåtar på rad og rekkje. Eg gløymde heilt å ta bilete, eller eg har berre eit i det båtane legg ut på tur, også no på rad og rekkje... Men her var mykje kjekt å sjå, vi kunne gå ombord eller nyte synet frå kaia. Vi gjorde begge deler. Nokre hadde og sikra seg billett og har no hatt fine turar med dei gamle båtane.

Ha ei god helg!

Ingen kommentarer: