onsdag 11. august 2010

Ut på tur....

Vi tenkte å bruke siste dagane i ferien på ein tur til Bergen. Det er forskjellig vi har på lista for det vi vil gjere... VilVite-senteret, Fløyen, Akvariet, shoppe, besøke familie/venner.... Vel, vi får ikkje med oss alt.

Eldstegullet og eg har tenkt å snope litt på veg inn til Bergen, Åsane har både Stoff og Stil og Indiska....

Dei siste dagane har ho sydd om nokre plagg og har fått seg ny kjole, tunika, shorts og til Veslegullet har det blitt eit skjørt. Jett om eg synes det er stas!!! Om eg får lov av ho skal det komme bilete her når vi er tilbake.

Ho har og laga dette biletet som eg no kan pynte med. Når ho endrar på rommet sitt att, med fargar som passar til biletet, skal det inn dit att. Men enn så lenge kan vi kose oss med det heile gjengen;o)

Eg har starta på eit nytt prosjekt, no er det klart for brodering. Eg tek det med på tur, så får vi sjå om det er det eller strikket som blir teke fram i ledige stunder.... I bilen er det strikket som blir nytta. Eg synes det er veldig grei fordeling med mannen, han køyrer og eg strikkar og ser på naturen og hjelper til når vi skal finlese skilting og kart.... Utan at vi treng det sist nemnde på denne turen..;o)

Jentene utstyrer seg med iPod, MP3 og discman og Nintendo DS, då blir det ikkje så verst å sitte i ro så mange timar i strekk....  Greier du å gjette kven som har kva???
Ut på tur, aldri sur!

Ha gode dagar!

6 kommentarer:

Orlaug sa...

God tur til Bergen!
Litt av kvart å ta seg til der, skulle gjerne vore ein tur på Stoff&Stil snart, eg òg......synest det er utruleg kjekt å gå der (og shoppe, sjølvsagt).

Laila sa...

God tur til Bergen. Eg var der ein snartur i går :) Var innom både Quiltekroken og Quiltehuset og gjekk ikkje akkurat tomhendt derifrå. Rakk også ein tur på Ikea, men Stoff og Stil torde eg ikkje nemne eingong :)))))

KariL sa...

God tur til Bergen.
Nyt dagane godt og kos dykk alle sammen :)
Klem!

Liven sa...

Med samme arbeidsfordeling som når vi er på tur blir det nok en fin tur;}
Kos dere!!

2ne sa...

Herlig hjertebilde :-) Ønsker deg en god helg.

Bestemor Drillo sa...

Hei igjen etter et lengere fravær!
Nydelig bilde! Arbeidsfordelingen er flott slik det skal være!
Klem fra bestemor som er tilbake for en stund!!