søndag 26. september 2010

Hmmmm


No har eg lese til auget er stort og vått, så har eg testa og testa og så har eg levert det heile i fanget til min kjære..... Det han kom fram til var at eg måtte gå tilbake til gammal redigeringsprogram, som snart skal forsvinne..... Vel er det nokon andre som har hatt problem og som kan gje meg gode råd???


Eg har ikkje akkurat sete med hendene i fanget i denne tida, då;o)

Eg har vore heldig å fått vore på kurs mad 20 likesinna, stoffgalne damer. Det var ei fantastisk fin helg der eg fekk lære nytt, få kreativt påfyll, og tusen nye idear;o)

Her er ein liten duk som vart til den helga.


Anne Beier Finnestad har laga nye mønster av sirklar og gjev oss mange idear som vi kan spinne vidare på.


Det er ikkje første gangen eg er heldig å få gå på kurs med ho, men eg lærer stadig noko nytt i hennar selskap!


Det var mange flotte løparar som vart produserte på kurset dei fleste lagde 2 kvar nokre starta på endå meir.


Eg starta og på denne. Her er eg ferdig med toppen og skal lage den klar til quilting i veka, det er i vert fall planen.....;o)


Eg har og laga ferdig ein modell som vi skal starta på ein kveld på Kreativiteten. Temaet skal vere handquilting og broderi. Eg har fuska litt.... og quilta den med maskin....;o)

Eg har og fått leika meg med fargar!


Ei bestilling til ei fargerik dame og gjett om eg har kosa meg!!


Eg har spunne vidare på sirklane som Anne viste oss i helga. Det er spennande å starte med ein sirkel legge på neste sirkel/stoff og bygge utover i fargar, stoff og former. Om eg har plukka ut stoff på førehand blir det gjerne bytt ut med noko anna undervegs.

No er det ein vakker haustsøndag som skal nytast ute med ein skogstur og plommeplukking i hagen til ei god venninne. Jau vi er heldige!!

God søndag til deg!!

3 kommentarer:

Mona sa...

Det er morsomt å gå på kurs. Resultatet er jo kjempebra. Stitcheryet med bestevenner er jo kjempeflott. Ha en stålende og kreativ uke.

Anonym sa...

Ååååå, så masse fint du har laga!! Kjenne eg snart må prøve eit helgekurs eg og.
VK

Bestemor Drillo sa...

Så mye flott! Må være moro å få med seg så mye inspirasjon ! Klem fra bestemor!!