mandag 6. september 2010

Ny veke;o)

Tenkte eg skulle vise dei nydelege stoffa og kakefatet som eg fann sist veke. Det vart sjølvsagt nokre stoff med gla' fargar som skal brukast til kjolar.

Eg tenkte å prøve dette mønsteret som eg har sett på lenge og no fått i hus. Med to jenter som framleis går i kjole/tunika blir ein lett freista......

Det rutete stoffet er tenkt til meg sjølv, ein kjole etter same modell som eg har brukt så mange gangar, og som eg likar så godt;o)


Når eg finn rette tråden og mønster til overdel, ja då blir det ny kjole... Eg har no enno ein som er under arbeid og ein der både tråd og stoff er på plass, men eg vil gjere ferdig nokre av prosjekta mine før eg startar på den.....

Dette fine kakefatet i glas fekk eg og med meg.

Eg kunne heldigvis;o) bruke det til sjokoladekaka i bursdagsfesten, og elles er det til glede og pynt på kjøkenet.


Ha gode, gjerne kreative dagar!

3 kommentarer:

KariL sa...

Alltid kjekt med nye stoff. Lykke til med syinga. Vi får vel sjå resultatene. Flott kakefat. Du som er så flink å bake får nok brukt det masse.
Ha ein fin dag i sola!
Klem fra KariL :)

Bestemor Drillo sa...

Dette blir nok like fint som alt annet du gjør!
Nydelig fat!! Klem fra bestemor!

bentetove sa...

Så koselig blogg du har, her var det mye kjekt å se!
Jeg kommer nok innom her igjen.
Legger meg som følger.
Ha ei god helg :)