onsdag 15. september 2010

Ta ein knapp og ein til og ......

Eg er i "gjere ferdig modus";o) Det er fleire prosjekt som nærmar seg slutten, dvs dei er snart ferdige og kan brukast. Det gjev ny inspirasjon og glød til å få dei ferdige.


Kvelden i går var brukt til å sy knappar, mange knappar..... Men med selskap av min kjære og Herreavdelingen på radioen gjekk det som ein leik! No har uglene mine fått auger og eg kan starte på skjørtet til kjolen.


 
Eg har og fått ferdig den tredje og foreløpig den siste boleroen, (i vert fall på ei stund...) til eldstegullet. Denne gangen i ein slags rillestrikk med volangar på ermane.

 Den er strikka i nydeleg mjuk, og noko tung Svale og Cotton Viscose til eine volangen og detaljar.


Som de ser er den komen i bruk;o) og då er det berre kjekt å lage til ho.
Eg har strikka den nesten to gangar, då ermane vart noko lange første gangen. No sit den perfekt, om eg skal seie det sjølv.....
Mønsteret til boleroen er henta her



I dag skal fôret på plass i veska eg har arbeidd med ei stund. Det er ikkje alltid at planane går å gjennomføre, (jfr. laurdagen sitt innlegg), men i dag ligg alt til rette for å få det til;o)

 
Ha ein strålande dag!

4 kommentarer:

Unknown sa...

Flott bolero, sikker på hun ble kjempeglad for den! Det er lenge siden jeg har vær i 'gjøre ferdig'-modus, har endel som ligger og venter, godt om en følelesen kom igjen :o)

KariL sa...

Eg og er inne i "gjere ferdig modus". Altfor mange prosjekt på gang og så skal vi jo til med nye til helga :)
Kjempeflott bolero og du verden så mange knapper.
Klem fra KariL!

. sa...

Kjempefin bolero.

Bestemor Drillo sa...

For en nydelig bolero ! Den faller nok i smak ja!! KLem fra bestemor!