torsdag 21. oktober 2010

Ein smak av vinter......


I dag ser det slik ut frå stoveglaset. Ikkje same lyset som i går, men lyst er det blitt. Det blir det alltid med snøen......


Ungane jublar, og dei vaksne..... vel det er ikkje berre go'lyd som kjem frå den kanten.....;o)







Eg forstår at ungane jublar! Det er fantastrisk snø til å lage snømenn av. Det var det mange av ved skulen i dag. Det krydde av glade ungar som rulla og rulla på snøballar og vaksne som nesten såg ut som snømenn med godt med snø på ytterkleda....;o)

Eg misnunner ikkje dei som må trille vogner i dag, det er ikkje alle vegar som er brøyta.... Det einaste positive er at dei frå gratis styrketrening..... Eg trur ikkje det er noko trøyst....





Her er ein liten smakebit av strimlane mine. Eg har laga eit midtstykke til eit teppe. Strimlane til kanten er og klar til å sy på. Så er det berre vatt og bakstykke som manglar.....

Det vart berre eit lite utsnitt fordi eg vil ikkje legge det ut i snøen, eg tenkte nemleg å sy meir i dag utan å måtte tørke det fyrst.....;o)




Ha gode dagar, med eller utan snø!

2 kommentarer:

Bestemor Drillo sa...

Herlig med snø synes jeg!Spennende teppe, gleder meg til å se det ferdig! Klem!

KariL sa...

Spennende prosjekt med strimler. Håper snøen snart forsvinner selv om ungene koser seg. Nå er det bare vått i vått.

Ha en riktig god helg og klem fra KariL!