onsdag 20. oktober 2010

Frost.



I dag snør det!!! Per Klip er komen på besøk.


Per Klip høyre eg mykje om i min barndom og eg må innrømme at mine ungar og har høyrt om den når det er kaldt og vinter.





Det kalde veiret og snøen som dalar gjer at det er glatt, så eg gjekk med små steg i dag. Asfalten var svært glatt og dei som framleis har sommardekk har store utfordringar..... Håpar dei let bilen stå eller tek det svært roleg!

Men det vakre veiret gjev og glede i form av eit vakkert lys! Berre sjå kva eg kan nyte frå stoveglaset. Jau eg er heldig, også i dag!!





Snøen og frosten passar godt til handsaumen min.... Altså eg er ferdig med lukkekantar! Jepp alle dei tre dukane er ferdige til å leggast på borda. To kveldar var det som skulle til;o)


Det gjer at eg kan ta fram att desse blokkene.

Eg fann denne BOM'en her og vart freista nok ein gang.....







Eg har laga klar stoff til alle blokkene slik at det er lett å ta
fram i ledige stunder. Eg må jo alltid ha eit handarbeid for hand og med med kvar eg er......


Til no har eg laga denne første blokka.

Den er no søt....

Eg trur det kan bli ein vakker quilt;o)


Ha gode dagar!

3 kommentarer:

Bente sa...

Litt kvitt her og i dag tidleg, men no har sola smelta snøen vekk, heldigvis.
Vakker utsikt du har.
Kos deg med handsaumen, den var flott.

Ha ein fin dag :-)

KariL sa...

Ja det var uventa med snøbyger idag.
Spennende prosjekt du er begynt på.
Ha ein god dag!
Klem fra KariL!

Bestemor Drillo sa...

Det er nå litt koselig da når kulda setter inn og frosten tar over! Da kan vi virkelig nyte innelivet med alle våre syssler! Vakre bilder og vakker håndsøm! Ha en fin dag! Klem!