mandag 4. oktober 2010

Haust...


... og det betyr strikkeklede:o) Jentene trur det er sommar endå, det har vore sol og blå himmel og då treng ein ikkje jakke....

Eg tenkte difor at ein strikkagenser i favorittfargen var tingen, kanskje den ville vere på, sjølv om jakka blir gløymd.


Veslegullet har difor fått teke ut tråden/fargen sjølv. Det vart grøn Mandarin Petit. Dobbel bommulstråd i genser og bomull og Sisu (ull) i hetta.


Genseren kom på med ein gang tråden var festa.... Eg fekk ikkje vaska den ein gang... Ja, ja det er verre ting ein ikkje får gjort....;o)




Neste ynskje var ei hue i same tråd/farge som hetta.
Heldigvis;o) hadde eg kjøpt to nøster Sisu så eg kunne strikke
den i går.


Ein ruskeveirs-søndag inne med strikk og lydbok er ikkje å forakte....



Hua har blitt vaska og tørka i løpet av natta og er på i dag...;o)
Ruskeveir og vind gjer at hue er tingen!


Mora klarer ikkje å stå mot ynskjene til jentene, for eg veit det bli sett pris på og at det blir brukt..

Det var mørkt av tunge, grå skyer i dag, det ber bildene preg av ....


Eg har og sydd litt, eg har leika meg vidare med glade fargar og sirklar.

Det har blitt ei strikkeveske og ei mappe til strikkepinnar. Det kan no leverast til ho som har bestilt gåva, håpar både ho og mottaker blir nøgd....

Ha gode dagar!

3 kommentarer:

Kerstin sa...

Nok engang vakre, flotte plagg fra deg :)
Klem

Bestemor Drillo sa...

For noen vakre farger! De lyser opp i høstmørket! Klem fra bestemor!!

Berit sa...

Hei!
Ville bare si at jeg har tittet innom bloggen din og kost meg masse. Fin blogg du har.
Berit