fredag 15. oktober 2010

Haustfri...



.... eller hausferie..... eller.....

Jentene har hatt fri frå skulen denne veka. Eldstejenta har saman med 3 venninner hatt matskule for 3-6 kl. Dei er alle med i 4H og arrangert matskule heilt på eiga hand. Vi vaksne har berre vore med på sidelinja og sett at alt gjekk greitt føre seg, og gjett om det har det!!



Eg er stolt og imponert over desse fire fjortisane som har bestått 4 dagar med matskule med GLANS!!!

Dei har hatt ansvaret for å aktivisere og lære 24 ungar om sunn og god mat. Dei har planlagt, handla inn, laga mat, hjelpt og inspirert ungane etter beste evne.

Mellomste har og vore med på matskulen så veslejenta og eg har fylt dagane etter beste evne medan dei andre har vore opptekne med sitt. Litt venninnebesøk har det og blitt på ho.

Om kveldane har det vore fullt hus då 4H'arane har budd her denne veka. Mellomste og har hatt overnattingsbesøk eit par netter. Eg trur min kjære har kome greitt i frå å ha delt hus med 8 jenter denne veka.... Eg merkar ikkje noko, endå i vert fall.....


Det har av naturlege årsaker ikkje blitt sydd eit sting denne veka, men inn i mellom har eg strikka.
Eg fann fram tråden eg kjøpte i Stockholm og har strikka nokre pulsvantar. Lange, tjukke og gode no når kulden har kome. Det gjenstår berre å feste trådane og skylle dei før eg tek dei i bruk.




Eg har og starta på eit skjerf som passar til. Det er ein tynnare tråd og i nøstet er på 420 m..... Eg har strikka litt og får sjå om eg strikkar heile nøstet eller om eg lagar meg endå eit par pulsvantar i ei tynnare utgåve. Noko planlaust og det passar bra for meg......




Desse fine ekkorna kom mamma med i veka som var. Dei har ho måla på eit treskrin som mellomstegullet har fått i gåve.
Eg tykkjer ho er svært flink og spesielt flink til å få liv i augene på dei ho målar.

Dei passar og fint til fargane som er i dette innlegget.
Det er blitt haust og haustfargar på blomar, lys, strikketråd og pynt her hos oss.

Ildtoppane som er på det første bildet har vore i hus hos meg ei stund. Dei står så fint og lyser mot meg på kjøkkenbordet og lokkar fram smil og positive tankar allereie frå morgonen av. Sidan ser eg dei kvar gang eg er innom kjøkkenet i løpet av dagen, det er ikkje få gangar, så det blir mange positive glimt gjennom dagen....;o)

Då eg skulle byte til friske blomar i stova var eg lett å overtale med desse vakre rosene i same farge. Minstegullet var med på handel og ville ha ei raud rose! Difor var det naturleg å kjøpe raude og oransje lys i tillegg.....

No er det berre litt rydding og helgevask før vi tek helg!
Ha gode dagar!

1 kommentar:

KariL sa...

Så flinke jenter du har. Kan tenke meg at det har vært nye moro og godt humør i huset denne uken.
Din mor er fantastisk flink til å male. Praktverk de ekornene. Heldige barnebarn som får slike gaver.
Ønsker deg og dine en flott uke og klem fra KariL!