tirsdag 12. oktober 2010

Kreativ, fargerik hausttur

Ein slik vakker haustdag er perfekt for hyttetur!
Først ein liten båttur, så skal utstyr og bagasje fraktast med traktor eit lite stykkje opp til huset. Enkelt og greitt!
Vi samla oss på kaia med alle "pakkenellikane", som mamma seier....
Og det var ikkje lite 6 damer og ein mann skal ha med seg.
For å seie det som det er, så fekk han med seg sitt i ei vend.....;o) og takk og pris for traktoren......

Med ein slik god start på ei helg som var fylt med fargar og ....
.....vakker natur både om dagen i strålande sol, og ikkje minst om kvelden!
....mykje god mat, latterkuler som ljoma i veggane,
.....mange vakre stoff med nydelege fargar og mønster....
.....durande symaskiner, kreative krumspring har gjort at eg har fått stort påfyll av vitamin Q!;o)
Endå fleire gnistrande fargar og nydelege former.....
Ideane strøymer enno på i dagane etterpå.
Dagane i etterkant har gått i langsamt tempo, men det gjer ingen ting for då kan eg drøyme, planlegge og kosar meg stort med dei pausane eg må ta.
Noko fekk vi ferdig i helga. Desse bikubene, alle forskjellige, viser atter ein gang at fargar, mønster og samansetningar gjer resultatet så forskjellig
Turen heim att var også eit godt påfyll på kontoen for gode opplevingar!
Framleis i vakker haustsol! Sjå berre på desse vakre blåfargane, nydeleg saman med grått og grønt. Det blir ikkje mindre vakkert av sola.....
Vi fekk ein fin båttur med eigne guidar som kunne fortelje både det eine og det andre om plassane vi gjekk forbi.
Noko som er svært kjekt for meg som ikkje er så lokalkjend....
Tusen takk for ei fin båttur heim etter ei veldig kjekk helg.
Og nok ein gang stor takk til dei to som villig let oss innta hytta si. Håpar begge to hadde ei like kjekk helg som vi andre har hatt!!!
Takk og til dei flinke, kreative, glade damene eg fekk dele helga med.

Om kvelden kunne eg nyte denne vakre utsikta, frå eige stoveglas, rett og slett vakket! og eit verdig punktum for ei fantastisk helg!!


Å, du så heldig eg er som kan få oppleve noko slikt!


Ha gode haustdagar!

3 kommentarer:

Bente sa...

Det er ikkje vanskeleg å sjå at du har kosa deg i helga.
Nydelege bilder av vakkert haustvêr.
Flotte bikuber de har laga.

Ha ei fortsatt fin veke :-)

Ann Tove sa...

Dette ser ut til å ha vore reine vitamininnsprøytinga. Mange flotte haustbilder frå ein flott natur.

SNILLPIKE♥ sa...

Oppdaga bloggen din via en annen blogg, og har sittet en stund og scrollet.

Kommer gjerne på besøk her igjen, og har lagt meg til som følger.

Ønsker deg en flott torsdag, klem.