mandag 18. oktober 2010

Nakne greiner og haustmargerittar....



Det er blitt haust, skikkeleg haust. Vinden ruskar i trea og rundt huset. Det er kjekt å kle å kle seg godt og ta seg ein tur ut, godt å kjenne vinden ruske.
Det er fasinerande å sjå dei nakne greinene og dei få lauva som er att på greinene. Der er mange fine mønster og former;o)
Det er og vakkert å sjå dei vakre fargane som er på plantane på bakken, dei er ikkje visna endå og lyser mot meg når eg berre tek meg tid til å sjå etter......

Det er og godt å kunne komme inn att og fyre i ovnen, kveikje stearinlys og finne fram eit handarbeid.
I helga har eg fått sy. Det har vore ei heime-aleine-helg;o) Så då har eg gjort nett det som fell meg inn, og denne helga var det quilting, tur og strikk som passa meg.
Symaskina har dura og dura berre avbrote med nødvendige mat, te og surfepausar.
Eg plukka fram løparen som har vore nesten ferdig i omtrent eit år....... den har fått lukkekant.....



Denne duken, i same mønster, har vore klar til quilting like lenge og er blitt quilta og fått lukkekant.....
Den siste duken er og klar til handsaum og om litt kan dei ligge på borda i stova. Dei passar fint som haustøparar...... Haustmargerittar.....

I kveld er det quiltemøte og kva passar betre enn å ta med lukkekantsaum. Då kan eg sludre og kose meg og lukkekantane blir ferdige før eg får tenkt meg om....;o) Eg gleder meg til det.
Men først må eg pusle litt rund ho som måtte komme heim frå skulen i dag. Varm te har ho fått og no er det lydbok og litt søvn.
Då kan eg ha ei stund på syrommet, saman med vaskemaskina som durar i takt med symaskina.
Så ei treningsøkt før gjengen kjem heim og kosen rundt middagsbordet. Det er alltid kjekt å høyre kva dei andre har hatt føre seg i løpet av dagen.
Gløym ikkje å gjere dagen din god, du og!

2 kommentarer:

Bente sa...

Flott løpar og duker.
Lekre fargar.

Ha ein fin kveld :-)

Bestemor Drillo sa...

Så nydelige quilt du viser! Vakre høstbilder også!
Ha en fin uke! Klem!