fredag 8. oktober 2010

Prøvelappar og andre lappar....

Det har vore skikkeleg hausveir i nokre dagar,
men det er mange kjekke syslar ein kan drive
på med inne, så det gjer ikkje så mykje.



Eg har sørga for å ha lys og blomar som lyser opp i haustmørke. Med lydbok og kjekke kreative syslar trivast eg godt også i denne tida.







Det gjer og godt å kle på seg regnklede og ta turen ut i vinden og regnet. Godt når ein er ute og godt å komme inn att....;o)

Eg fekk nokre fine bilder på turen. Berre sjå kor fin den nye paviljoner er, også i regnveir. Sjå kor vakkert kopartaket er, det er det både i regn og i sol.....





Lauvet på trea har skifta fargar og eg nyt alle dei vakre fargane. Denne er ikkje den mest spennande, men eg har sett gnistrande raud, oransje saman med grønt og det er vakkert. Sjølvsagt var ikkje kameraet for handa då....






Eg har teke prøvelappane frå denne kvelden og leika meg litt med stoppefoten og raudfarge.








Resultatet vart denne vesle, søte mappa. Den er allereie i bruk,
til handsaumen min.
Eg har starta på eit nytt priosjekt. Eg har berre laga ein haug med lappar så bilder kjem om litt, når eg er kome i gang....;o)




Det har og blitt nokre fleire posar til snorer, strikketråd eller heklegarn.


Eit nøste i posen, tråden gjennom holet, så er nøstet på plass og trillar ikkje sin veg.... Kjekk på tur og ute.....


No skal eg pakke ting og tang og reise på hyttetur. Gleder meg til ei god helg saman med ein gjeng kjekke damer!


Ha gode dagar og ei strålande hausthelg!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Søte små mapper og poser :o) Ha en fin helg på hytetur!!

Bestemor Drillo sa...

Flink med stoppefoten du!! Nydelige små ting! Ha en fin helg! Klem;)