tirsdag 23. november 2010

Englekveld

I går hadde eg ein kjekk kveld saman med ein gjeng flotte damer! Latter, småprat, gode replikkar i fleng!! Stoff, streng, perler, blonder, tråd m.m. i fri flyt gjev eit fantastisk resultat!
Ein gjeng supre heilårsenglar! vart til. Englar som passar til dei som har laga dei....;o) med fasong, bulkar..., glorien på snei, supre utrykk i ansiktet og som smelter hjartet på dei fleste!
Eg gløymde sjølvsagt å ta bilete av alle dei flotte englande som vart til, sukk!!!......
De må difor greie dokke med bilete av dei eg lagde.
Eg hadde ein fantastisk kveld og takkar nok ein gang for den kjekke stunda.
Mine enlgar er komne opp på kjøkkenet og eg smiler kvar gang eg ser dei;o)
Vi har i den siste tida kunne sjå ein stor, rund måne. Vakkert måneskin og stjernedryss både kveld og morgon!
Eg nyt det i fulle drag og håpar det varer lenge. Det er kaldt og vakkert!
I dag er planen å fullføre planen..... om de forstår kva eg meinar.....;o) Viss ikkje får de følgje med her....;o)
Ha ein god dag!

2 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Det var ett par super sjarmerende engler:o) Altid like hyggelig å treffe koselige damer!
Ha fortsatt en fin uke.

KariL sa...

Takk for hyggelig kveld. Slike kveldar gjer godt både for kropp og sjel. Englane dine var stilige. Mine held på å komme seg vel til rette. Berre litt igjen......
Ha ein god kveld!