tirsdag 30. november 2010

Julebutikk


Er du i Florø kan du no komme innom den flotte bua vår.
Kreativiteten sine medlemmer har laga julebutikk også i år.
Her finn du det meste av handarbeid både pynt og bruksting som kan komme god med i kulden.
Heimebakte lefser og flatbrød vil du og finne her.

I tillegg til dei nevenyttige medlemmane våre har vi to gjesteutstillarar også i år.
Den eine er Hilde Buer med sine fantastiske og mjuke skinnfellar av villsau. Den andre er Marianne Hansen sin flotte keramikk.

Og skulle du vere trøtt i beina etter ein lang dag på handel kan du kjøpe deg ein kopp kaffi med noko godt attåt.
Ein god prat og synet av alle dei flotte handarbeida som fyller bua vår kan gje deg ny energi.
Og kansje finn du ei unik gåve til ein av dine kjære her hos oss.......
Velkommen!!

2 kommentarer:

KariL sa...

Eg kjem.... Dette er et kjempegodt tiltak i byen vår. Ynskjer dokke eit godt sal og mange besøkande!

Ann Tove sa...

Skal ta ein tur innom hvis eg reiser til Florø. Det ser koseleg ut på julebutikken.